21 år

21 år
Anbefalt aldersgrense 9 år
Ein film etter ei novelle av Tarjei Vesaas. To brør er bufaste på ein avsides gard i Telemark. Dit kjem den fagre jenta Hild for å arbeide i skuren. Ein stille kamp mellom brørne byrjar. Kven våger det avgjerande steget? Kven vil vinne henne? Som novella taler og filmen mest gjennom det usagde. Med poetiske bilete i ein dvelande rytme vert vi fanga av spenninga mellom dei tre unge.


Medietilsynet
E1288